PocketID
Treng du hjelp med appen?
ProduktAdmin-portalKundehistorierOm ossBrukarstøtte

Om oss

PocketID vart starta i 2014 for å gjere skulekvardagen enklare – med mindre plast og meir kontroll. I dag brukar om lag 170 000 elevar over heile landet tenestene våre, samla i éin app.

Mindre plast – meir kontroll · Sidan 2014

Historia vår

Då PocketID AS vart etablert i 2014, var det med ei overordna målsetjing: å byggje ei enkel og brukarvenleg teneste spesielt tilpassa vidaregåande skular. Vi kjende godt til dei ressurskrevjande prosessane skulane hadde, med mykje manuelt arbeid og eit stort og kostbart forbruk av plastkort. Slagordet vårt vart «Mindre plast og meir kontroll».

Tilbakemeldingane var svært gode alt frå det første skuleåret tenesta var i drift: ei brukarvenleg løysing, med store innsparingar i kostnadar og arbeidstid. Positiv omtale spreidde seg mellom skulane, og stadig fleire tok tenestene i bruk. I dag brukar om lag 170 000 elevar over heile landet PocketID – delvis gjennom fylkesavtalar, og delvis gjennom individuelle avtalar med enkeltskular.

Heilt sidan starten har PocketID vore i kontinuerleg utvikling, basert på tett dialog med brukargruppene om ynskja og behova deira. Vi har utvikla fotoløysing, skuleskyssløysing og mobil døropnar i PocketID – alt samla i eit svært brukarvenleg grensesnitt.

Med ei velfungerande døropnarløysing som del av pakken opplever vi no betydeleg interesse frå både høgare utdanning, offentleg sektor og næringsliv. Vi ligg i forkant av utviklinga, og kan tilby tenester som dekkjer både dagens og morgondagens behov.

2014
Etablert i Breim
Ca. 170 000
Elevar brukar PocketID i dag
Alt i eitt
Skulebevis, foto, skyss og døropnar i éin app

Vårt team

Vi er eit lite og tett team med kort veg frå idé til løysing – og like kort veg til kundane våre.

Sindre Seppola Reed

Dagleg leiar

sindre@pocketid.no
+47 95 87 87 06

Markus Bjørnareim

Forretningsutviklar

markus@pocketid.no

Stian Lunde Nesdal

Teknisk leiar

stian@pocketid.no

Per Svein Reed

Rådgjevar

per.svein@pocketid.no
+47 99 44 73 00

Morten Hilde

Support

support@pocketid.no
+47 57 62 33 33

Her finn du oss

PocketID AS · Org.nr. NO 913 212 967 MVA

Reed, 6827 Breim

E-post: post@pocketid.no · Telefon: +47 57 62 33 33 · Vis i Google Maps (opnar i ny fane)