PocketID

Vilkår for bruk (brukarvilkår)

Takk for at du bruker tenester frå PocketID (nedanfor kalla «Tenestene»). Tenestene er eigd, utvikla og gjort tilgjengeleg av PocketID, sjå kontaktopplysningar nedanfor. Dette er vilkåra for bruk av Tenestene («Vilkåra»). Det er viktig at du set deg inn i Vilkåra, slik at du veit kva du kan og bør gjere, kva du ikkje kan gjere, og kva som er PocketIDs plikter og ansvar. 

Som brukar av Tenestene må du akseptere Vilkåra sidan dei gjeld for bruk av Tenestene. Aksepterer du ikkje Vilkåra, kan du ikkje bruke Tenestene. Du aksepterer vilkåra anten ved å huke av boks og klikke på knapp eller liknande, avhengig av den enkelte teneste, eller ved å ta i bruk Tenestene. Er det noko i Vilkåra du lurer på, kan du ta kontakt med oss. Du finn kontaktinformasjon nederst i Vilkåra. 

1. OVERSIKT – ENKEL VERSJON 

Dette er ei oversikt over Vilkåra. Du må også lese gjennom Vilkåra nedanfor for å få vite alle dine plikter og rettar: 

  • PocketID leverer Tenestene, men andre kan ha gitt deg tilgang og er ansvarleg, som selskap der du jobbar, skule du går på, foreining du er medlem av osv. 
  • Vi utviklar og endrar Tenestene heile tida. Det kan difor vere ting som endrar seg, og det kan oppstå situasjonar der ting ikkje fungerer som dei skal. I slike tilfeller kan du seie ifrå til oss her: post@pocketid.no
  • Du må vere 13 år for å bruke Tenestene. Bruk Tenestene berre for deg sjølv. Ikkje la andre bruke dine tenester eller få vite ditt passord. Dersom du trur at nokon andre har ditt passord, må du seie ifrå til oss. 
  • Du må ikkje gjere noko som kan vere risikabelt eller bryte sikkerheita i Tenestene. 
  • For informasjon om korleis opplysningar om deg (personopplysningar) blir brukt, sjå meir her. 
  • Overheld du ikkje desse Vilkåra eller bryt lover og reglar, kan vi stenge Tenestene for deg. 

2. OM TENESTENE 

Informasjon om tenester frå PocketID, samt Tenestene du nyttar, finst på våre nettsider: https://pocketid.no/. Her finn du også informasjon om korleis Tenestene fungerer og det som er nødvendig for bruk av Tenestene. Har du spørsmål om Tenestene kan du kontakte oss, sjå kontaktinformasjon nedanfor. 

Tenestene er stadig under forbetring og utvikling, og vil kunne endre innhald og funksjonalitet løpande og utan nærare varsel. Vi tek imidlertid tilbakemelding frå våre brukarar alvorleg, og høyrer på dykk. 

3. RETT TIL Å BRUKE TENESTENE 

Ved aksept av Vilkåra får du ei rett til å bruke Tenestene som gjeld ditt personlege bruk. Du kan ikkje bruke Tenestene for andre eller gi andre din rett til å bruke Tenestene. Denne retten til bruk gjeld så lenge den som har gitt deg tilgang til Tenestene, som PocketID, selskap der du jobbar, skule du går på, foreining du er medlem av osv., vil at du skal ha tilgang. Bryt du vilkåra, kan du også miste tilgangen til Tenestene, sjå nedanfor. 

For å bruke Tenestene må du vere minst 13 år. Er du yngre enn 13 år, må du be dine føresette om å akseptere bruk av Tenestene. 

Registrering for bruk av Tenestene blir gjort gjennom ein av våre appar eller på våre nettsider. Når du registrerer deg som brukar vil du legge igjen informasjon om deg sjølv, som namn, den som har gitt deg tilgang til Tenestene, og kontaktopplysningar. Då vil dette bli registrert på din brukar. I tillegg kan det leggast inn og behandlast andre opplysningar avhengig av den enkelte teneste du nyttar og om din bruk av Tenestene. For kva opplysningar som blir behandla, sjå personvernerklæring for tenester frå PocketID. 

Du som brukar av Tenestene betalar ikkje for dette, sidan det blir gjort av den som har gitt deg tilgang til Tenestene, som din skule, din arbeidsgivar eller andre. Det kan vere tenester du som brukar betalar for, og då er det informasjon om betaling i Tenestene, som appen eller på våre nettsider. 

4. PLIKTER VED BRUK AV TENESTENE 

Du er sjølv ansvarleg for å ikkje la andre få tilgang til Tenestene gjennom din brukar, og må passe på at ikkje andre får vite om passordet du nyttar til Tenestene. Får andre tilgang til Tenestene, vil dine opplysningar (som dine personopplysningar) og eventuelt andre sine opplysningar, kunne bli tilgjengeleg for dei. Har du mistanke om at andre kan få eller har hatt tilgang til din konto, bør du endre ditt passord og gi oss beskjed så raskt som mogleg. 

Du må heller ikkje gjere ting som kan påverke Tenestene sin funksjonalitet, tenester eller sikkerheit. Det blir tilrådd at du ikkje bruker mobile einingar som er jailbreaked/rooted, sidan dette kan utgjere ein sikkerheitsrisiko, og det kan vere at Tenestene eller funksjonar i denne ikkje kan nyttast på slike einingar. 

Du må ikkje bryte det som står i desse Vilkåra eller som følgjer av andre lover og reglar som kan ha betydning for Tenestene. Bryt du dette, eller andre delar av Vilkåra, eller lover og reglar gjennom bruk av Tenestene, eller gjer andre ting som ikkje er foreinleg med bruken av Tenestene, vil det kunne føre til at du ikkje kan bruke Tenestene. Det kan også vere at andre tiltak vil kunne bli vurdert og eventuelt gjennomført. 

5. DINE RETTAR. HANDTERING AV PERSONOPPLYSNINGAR 

Dine rettar ved bruk av Tenestene følgjer av desse Vilkåra, samt lover og reglar som kan gjelde for Tenestene. 

Dine rettar for behandling av personopplysningar i Tenestene finn du i personvernerklæring for tenester frå PocketID. Du kan kontakte den som har gitt deg tilgang til Tenestene for å handtere opplysningar som blir behandla om deg i Tenestene. I enkelte tenester kan du handtere din informasjon i Tenestene, som i appen eller på din brukar/profil, som at du kan slette brukar, slette eller endre informasjon og opplysningar. Om du endrar eller slettar opplysningar kan det medføre at Tenestene ikkje fungerer for deg.
 

6. POCKETIDS RETTAR, PLIKTER OG ANSVAR 

PocketIDs løysingar og tenester, inkludert Tenestene, appar, varemerker og andre rettar, er beskytta av opphavsrett og anna lovgjeving om immaterielle rettar. Du må ikkje kopiere Tenestene eller funksjonalitet i desse, integrere Tenestene i andre tenester eller løysingar, som andre appar, selje tilgang til Tenestene eller anna som ikkje vil vere i interessa til PocketID. Du skal heller ikkje gjennomgå appen, Tenestene eller anna som blir levert med Tenestene for å finne ut av korleis appen eller Tenestene fungerer. Denne plikta gjeld så lenge du bruker Tenestene og etter. 

PocketID leverer Tenestene, men sidan Tenestene blir levert over Internett til di datamaskin og/eller din telefon, kan ikkje PocketID ta ansvar for at Tenestene fungerer heile tida med alle funksjonar. Du har også eit ansvar for bruk av Tenestene og at dette blir gjort sikkert, sjå punktet om «Plikter ved bruk av Tenestene» over. Du må derfor ta dei nødvendig førehandsreglar når du bruker Tenestene for din eigen og andre si sikkerheit. 

Tenestene er under stadig forbetring og utvikling, og sjølv om vi gjer vårt beste kan det vere funksjonar og løysingar som ikkje eller som ikkje er tilgjengeleg til ei kvar tid. Oppdagar du noko ved Tenestene som ikkje fungerer som det skal, er det fint om du seier ifrå til oss så vi kan sjå på det og eventuelt gjere endringar. 

Tenestene er berre til personleg/privat bruk, og du må ikkje bruke Tenestene innanfor forretningsverksemd, selskap osv. PocketID tar ikkje ansvar for kostnader eller tap som måtte oppstå ved Tenestene, inkludert direkte og indirekte tap, som tap av omsetning, forteneste av kvar ein art, tap av data, forhold som skuldast manglande tilgjengelegheit til Tenestene, krav frå tredjepart osv. 

7. ENDRINGAR I VILKÅRA 

Det vil vere nødvendig å tidvis endre desse Vilkåra og eventuelt pris for Tenestene om det krevst betaling. Endringar som kan vere viktige for deg vil vi informere om i Tenestene eller sende deg informasjon om dersom vi har dine kontaktopplysningar. 

Du vil alltid finne oppdaterte Vilkår i Tenestene, som i app, eller på nettsidene våre. Fortset du å bruke Tenestene etter endringar i Vilkåra, så betyr det at du aksepterer Vilkåra med endringar. 

8. KONTAKTOPPLYSNINGAR 

Det juridiske namnet og kontaktopplysningane for PocketID som leverer Tenestene er:


POCKET ID AS
6827 Breim
Org. nr.: 913212967
www.pocketid.no 


Har du fått tilgang til Tenestene gjennom andre enn PocketID, som selskap der du jobbar, skule du går på, foreining du er medlem av osv., så kan du også kontakte desse. Veit du ikkje kven som har gitt deg tilgang, kan du kontakte oss. 

Du kan til ei kvar tid kontakte oss om Tenestene eller desse Vilkåra på post@pocketid.no